BRUK I PROPELLEN: Den direkte årsaken til forliset skal ha vært en kombinasjon av bruk i propellen og dårlig vær i området, i følge rapporten. En person omkom i forliset.

Rapporten etter Sørbris-forliset klar: Manglende stabilitetsberegninger får skylda

Den 8. mai 2020 gikk sjarken «Sørbris» ned Breivikfjorden i Hasvik kommune. En mann omkom. Nå ber Havarikommisjonen Sjøfartsdirektoratet om å stramme inn regelverket.

Publisert Sist oppdatert

Fiskefartøyet var av typen Myra 27 rundhekk, bygd i 1981, og hadde opprinnelig en registrert største lengde på 8,17 meter.

Ble aldri gjort stabilitetsberegninger

I rapporten skriver kommisjonen:

«Fiskeren hadde denne dagen gått ut rundt klokka 1300 for å hale inn ei garnlenkje som han hadde overteke frå eit anna fartøy.

Det hadde aldri blitt gjort stabilitetsutrekningar for Sørbris. Seinast 1. januar 2020 skulle alle fiskefartøy over 8 meter største lengde hatt ein fartøyinstruks frå eit godkjent føretak med operasjonelle avgrensingar fastsette på grunnlag av stabilitetsutrekningar. Opphavleg var fartøyet si største lengde (LOA) oppgjeven av produsenten registrert som 8,17 meter, og det var òg denne lengda som tidlegare var registrert hos styresmaktene. Fiskaren hadde sjølv teke kontakt med eit godkjent føretak for å få kontrollert den største lengda på Myra 27-sjarken. Føretaket gjorde ei ny oppmåling av fartøyet saman med eigaren/fiskaren, og den 5. januar 2020 blei fartøyet si største lengde målt til 7,90 meter. Sørbris kom då inn under ei enklare gruppe fiskefartøy (mindre enn 8 meter, bygde før 1992) der det gjeldande regelverket ikkje krev eigen fartøyinstruks med stabilitetsutrekningar».

Endret fra juksa til garn

Den tidligere eieren hadde brukt Sørbris mest til juksafiske, men den nye eieren endret driftsformen til garnfiske.

«Havarikommisjonen meiner at det nettopp er i slike høve, når driftsforma til eit fartøy blir endra og det blir valt anna og kanskje tyngre utstyr, at ein eigar kan få mykje hjelp og rettleiing frå stabilitetsutrekningar", skriver de videre.

Kommisjonen kommer i den forbindelse med to konkrete tilrådinger etter havariet, som fikk så tragisk utfall.

«Undersøkinga av forliset til fiskefartøyet Sørbris 8. mai 2020 har vist at Sjøfartsdirektoratet i dei seinare åra har gjennomført svært få uvarsla tilsyn med fiskefartøy som er bygde før 1992 og har ei største lengd på mindre enn 8 meter, i høve til talet på fartøy i denne gruppa. Sørbris hadde tilsyn meir enn 11 år før forliset. Fartøyet hadde ikkje fri-flyt satellittnødpeilesendar, som kunne ha endra utfallet av forliset.

Statens havarikommisjon tilrår difor Sjøfartsdirektoratet å intensivere kontrollen med fiskefartøy med største lengde mindre enn 8 meter bygde før 1992».

HASVIK: Her skjedde ulykken (markert med blått kryss), som fikk så tragisk utfall i mai 2020.

Ber om krav til båter under åtte meter

Den andre tilrådingen går til Sjøfartsdirektoratet.

«Undersøkinga av forliset til fiskefartøyet Sørbris 8. mai 2020 har vist at fiskefartøy med største lengde mindre enn 8 meter bygde før 1992 aldri vil få rettleiande operasjonelle avgrensingar fordi det gjeldande regelverket ikkje krev at det skal gjerast stabilitetsutrekningar. Desse fartøya blir dessutan ofte kjøpte og selde mellom fiskarar som er i etableringsfasen, og som såleis er ganske urøynde.

Statens havarikommisjon tilrår difor Sjøfartsdirektoratet å innføre krav om stabilitetsutrekningar for fiskefartøy med største lengde mindre enn 8 meter bygde før 1992».

Du kan lese hele rapporten fra Havarikommisjonen her.