Meninger:
Ansvarleg fiskeri er eit felles ansvar
Ansvarleg fiskeri handlar til sjuande og sist om å ta vare på ressursane, ta vare på næringa og ta vare på kvarandre. Det ansvaret må vi ta saman, skriv styrleiar og dagleg leiar i Sør-Norges Fiskarlag.
Innlegget er hentet fra Fiskarlaget.no.
Havet er arbeidsplassen vår. Det gir oss mat på bordet, arbeidsplassar, aktivitet på kaia og verdiskaping langs heile kysten. For mange av oss er fiskeria også noko meir enn ein jobb. Det er ein del av livet vårt, lokalsamfunna våre og ein kunnskap og tradisjon vi ønskjer å føre vidare til nye generasjonar.
Det gir oss moglegheiter. Men det gir oss også eit stort ansvar. Vi som lever av havet, veit kanskje betre enn dei fleste kor avhengige vi er av å ta vare på ressursane. Skal det vere fiskarar på havet og aktivitet på kaiene også om ti, tjue og femti år, må vi drive på ein måte som gir rom for framtida. Det ansvaret tek vi på alvor. For måten vi forvaltar ressursane og opptrer på, er også avgjerande for tilliten og aksepten fiskerinæringa har i samfunnet.
Difor har styret i Sør-Norges Fiskarlag bestemt at «Ansvarleg fiskeri» skal vere ei hovudsak på årsmøtet vårt i desember. Der ønskjer vi å løfte blikket og ta ein open og god diskusjon om kva ansvarleg fiskeri betyr i praksis, og kva ansvar som kviler på kvar og ein av oss.
Vi skal leve av det same havet
Ansvarleg fiskeri handlar sjølvsagt om berekraftig hausting, kvotar, reguleringar og å følgje dei spelereglane som gjeld. Men det handlar om meir enn det.
Det handlar om godt sjømannskap. Om å bruke kunnskapen og erfaringa vår. Om korleis vi opptrer på fiskefeltet. Og ikkje minst handlar det om korleis vi tek omsyn til, og har respekt for, kvarandre.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Vi har små sjarkar som fiskar nært land, større kystfartøy og havgåande fartøy som kan følgje fisken over store område. Vi har ulike driftsformer, ulike reiskapar og ulike føresetnader.
Mangfaldet er ein styrke for norsk fiskerinæring. Men det betyr også at vi av og til kan kome tett på kvarandre, og det kan oppstå usemje om både plass, ressursar og måten fisket blir gjennomført på. Det må vi klare å snakke om. For ansvarleg fiskeri handlar ikkje berre om kva vi har lov til å gjere. Det handlar også om kva vi bør gjere.
Små og store må finne plass saman
Eitt av spørsmåla vi ønskjer å diskutere på årsmøtet, er nettopp korleis små og store fartøy kan leve godt side om side. Eit mindre fartøy har andre føresetnader enn eit stort og mobilt fartøy. Samtidig har den større flåten sin naturlege og viktige plass i norsk fiskerinæring. Poenget er ikkje å setje den eine delen av flåten opp mot den andre. Tvert imot. Vi er avhengige av kvarandre, og vi er avhengige av at heile næringa har tillit og legitimitet. Då må vi også vere villige til å sjå fisket frå ståstaden til dei andre.
Nokre gonger betyr det å gi kvarandre litt meir plass. Andre gonger betyr det å snakke saman før ein situasjon blir ein konflikt. Og av og til betyr det å la vere å gjere noko som ein strengt tatt kunne ha gjort, fordi ein ser at det får store konsekvensar for andre. Ingen regulering kan erstatte godt skjønn.
Ansvaret ligg hos oss
Fiskarar er vane med å diskutere rammevilkår. Vi diskuterer kvotar, reguleringar, fordeling, areal og politiske vedtak. Det skal vi halde fram med. Men samtidig må vi tørre å rette blikket mot oss sjølve. Kva kan vi gjere betre, og kan vi passe på kvarandre i staden for å rette skuldingar mot kvarande?
Korleis opptrer vi når mange fartøy fiskar på same område? Korleis tek vi omsyn til dei som har andre føresetnader enn oss sjølve? Korleis sikrar vi at måten vi fiskar på, bidreg til å ta vare på bestandane, lønsemda og tilliten til fiskerinæringa?
Dette finst det ikkje eitt enkelt svar på og vi ønskjer å ta diskusjonen. Når vi møtest til årsmøte i desember, samlar vi fiskarar med ulike meiningar frå ulike delar av flåten, og ulik geografisk tilknyting. Ikkje for å peike på kvarandre eller dele næringa inn i «oss» og «dei», men for å finne ut kva vi sjølve kan gjere for å styrkje fellesskapet.
Samtidig står vi framfor ei svært viktig tid for organisasjonen vår. Vi ser fram til å vere med og stake ut kursen for det nye Norges Fiskarlag. Skal vi byggje ein sterk organisasjon for framtida, må vi klare å samle fiskarar i heile landet på tvers av fartøystorleik og driftsform. Då må vi både tole usemje og vere gode til å finne det som bind oss saman. For vi kjem til å vere usamde også i framtida, men midt i usemja skal vi hugse kva vi har felles.
Vi lever av det same havet. Vi er avhengige av dei same fiskebestandane. Vi ønskjer aktivitet langs den same kysten. Og vi ønskjer at unge menneske også i framtida skal sjå fiskaryrket som ein attraktiv og trygg veg å gå. Ansvarleg fiskeri handlar til sjuande og sist om nettopp dette: Å ta vare på ressursane, ta vare på næringa og ta vare på kvarandre. Det ansvaret må vi ta saman.