PRØVEFISKE: I 2018–2019 brukte HI teiner for å kartlegge rekeførekomsten i blant anna Porsangerfjorden med «Henriette». (Foto: Gunnar Sætra / HI)

Havforskningen om teinefiske etter reker: – Kan bli lønnsom nisje som luksusprodukt

I den nye rapporten om teinefiske etter dypvannsreker i Norge, gjør forskerne opp regning for det relativt nye fiskeriet. – Tja, er svaret på om det kan bli et lønnsomt fiske.

Publisert Sist oppdatert

Det melder Havforskningsinstituttet i en ny forskningsrapport.

– Teinefiske etter reker er framleis eksperimentelt i Norge. Fangstane vil nok ikkje kunne måle seg med trålfangstane. Likevel kan teinefisket bli ei lønsam nisje, seier rekeforskar Guldborg Søvik til eget nettsted.

Har mange fordelar

I den nye rapporten Teinefiske etter dypvannsreke i Norge gjer forskarane opp rekning for det relativt nye fiskeriet.

Dei har gått gjennom offentlege landingsdata frå reketeinefiskarar og reketrålarar.a

Dei har samarbeidd med tre teinefiskarar om fangstdata og prøver.

Dei samanliknar storleiken til rekene i fangstane med funn frå eigne tråltokt.

Forskarane kjem fram til at teinefiske etter reker utvilsamt har noko føre seg.

– Teinene fangar større reker til betre pris, med tilnærma null bifangst. Dei er skånsame mot havbotnen, og kan brukast der det er for trongt, grunt eller stengt for tråling.

Står på beskjedne fangstar

Men forskarane påpeiker i rapporten at fordelane med reketeiner kan vere så mange og gode dei berre vil. Om ikkje fangstvolumet er stort nok, vil det vanskeleg utvikle seg til ei lønsam næring.

Dei tre teinefiskarane som samarbeidde med HI i løpet av 2021, heldt til i Hordaland, Ofotfjorden og Porsangerfjorden. Berre sistnemnde fiska kommersielt.

Fritidsfiskaren i Hordaland fanga totalt 32 kilo på sine 15 turar med 10–17 teiner. Han fortalde at han hadde prøvd kring ti ulike fiskeplassar, men berre éin av dei leverte greitt med reker – der fekk han 4–8 kg per teinelenke.

Fritidsfiskaren i Ofotfjorden fekk 135 kilo på sine 17 turar med ei lenke på 10 teiner. Han fortalde at fangstane varierte stort med årstid – med desidert størst fangst i juli og august.

Finnmark på topp

Indre Porsangerfjorden har vore kjent som den beste plassen

Karen i Porsangerfjorden fiskar reker med teiner kommersielt om sommaren – då med teinene fløytte opp frå botnen. Han fanga 2629 kilo på sine 120 utsette teinelenker gjennom sommaren 2021.

– Du treng avgrensa område med mykje reker for at det skal ha noko føre seg reint logistisk. Så langt er det berre indre Porsangerfjorden som har vore rekna som «bankers» på dette, seier Søvik.

Porsangerfjorden har vore stengt for tråling sidan 70-talet. Det er særs kaldt vatn i indre del av fjorden og lite fisk. Rekene har gode forhold og få naturlege fiendar. Der har det vore eit lite, kommersielt reketeinefiske sidan 2015.

– Men resten av kysten er i all hovudsak uprøvd. Og i fjor skjedde det noko interessant, fortel Søvik.

Fiskar i sør beviste at mykje står på innsats

Då var det nemleg ein einsleg fiskar vest i Agder som landa 4 tonn reker frå sin åtte meters sjark. Det var om lag heile den kommersielle teinefangsten det året.

Sidan 2015 har mellom to og sju fartøy fiska reker med teiner kommersielt. Landingane har vore på opptil 11 tonn totalt.

– Landingane frå fiskaren i det vi kallar område 08 viser at det er potensial mange plassar, men at det heng saman med innsats. Det blir interessant å følge med dersom fleire prøver seg langs kysten.

Kan funke som luksusprodukt

Fiskaren i Agder har satsa på råfryste reker til ein eksklusiv restaurantmarknad.

– Det har også vore forsøk på å levere levande, teinefanga reker, men distribusjon har vist seg å vere krevjande og kostbart, i alle fall frå Nord-Norge, seier Søvik.

– Men teinefanga reker har nok sitt store potensial i meir eksklusive nisjemarknader, fortset ho.

Forskarane håpar fleire vil prøve seg og er spente på fortsettinga, avslutter de rapporten med.