GOD AVTALE: Avtalen for 2023 fører videre kvotenivået fra i år, melder Fiskeridepartementet.

Fiskeriavtalen mellom Norge og Færøyene for 2023 i boks

– En viktig avtale for oss, sier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Publisert Sist oppdatert

– Avtalen med Færøyane er viktig for oss. Norske fiskarar har lange tradisjonar for å fiske i færøyske farvatn. Det er bra at vi har fått på plass ein avtale som vidarefører desse fiskemogelegheitene også i 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.

Viderefører kvotenivået

Avtalen for 2023 fører vidare kvotenivået frå i år. Det betyr at kvota på lange/blålange blir 3 000 tonn, brosmekvoten haldast på 1 500 tonn. Kvota for bifangst for andre artar på 800 tonn og makrellkvota på 6 600 tonn vidareførast frå i år. Makrellkvota kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.

Færøyane si kvote blir på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre arter som bifangst i norsk sone. Det er ei vidareføring av kvotane for inneverande år.

Kan fiske opptil 50 000 tonn ved Færøyene

I tillegg til desse kvotene, kan færøyske fartøy fiske opp til 5 450 tonn torsk, 500 tonn hyse og 300 tonn andre artar som bifangst, som dei har fått gjennom bytteavtalen sin med Russland. Samtidig kan norske fartøy fiske opp til 50 000 tonn av den norske kolmulekvota for 2023 i færøyske farvatn.