Kystpodden
Han navigerte flyet etter sjømerka
Odd Oldeide har vore fiskar og fiskebåtreiar i størstedelen av sitt yrkesaktive liv. Oppvaksen i små kår med mykje hardt arbeid. Men det har ikkje mangla på eventyropplevingar. Høyr den spreke 96-åringen fortelje om livet og trua i Kystpodden.
Han har vore arbeidsdreng på gard, lastebilsjåfør, kombinert maskinist og ferjebillettør, sveisar, og ikkje minst fiskar og fiskeskipper. Odd Oldeide er ein skrive-og talefør mann. Han har delt minner frå livet sitt i boka “Minner”. Kystpodden har møtt veteranen i bustaden på Raudeberg i Kinn kommune. Og han deler raust frå eit minne som enno er skarpt.
- Far fikk tubrekolose då eg var eg knapt 10 år. Han var innlagt på snatorium og var borte i fleire år. Slik var det at familien flytta frå garden Svora til Oldeide i Bremanger, fortel Odd. For han vart det tidleg arbeid og det var sjøen som vart arbeidsplassen.
Men det var ikke berre slit, nokre eventyrlege og morosame episodar fortel han om, mellom anna då han reiste med postflyet frå Bergen til Måløy.

Eigen båt
Odd skaffa seg eigen fiskebår tidleg. Han har drive garn-og og linefiske, makrelldorging og snurrevad og ringnot. Det toppa seg med nybygget “Argus Junior” som han fekk overlevert i 1988. Det vart også den siste båten Odd var aktiv på før han gjekk i land for godt. Men heilt slutt var det ikkje.
- Eg trudde at no skulle eg nyte pensjonisttilværet saman med kona Liv. Vi skulle reise mykje, men det vart nokre turar til på sjøen først, smiler Odd. Då som avløysar for son og kompanjong Stig Oldeide.
Odd skulle få ein travel start på pensjonstida. Då han vart invitert til å vere med i gruppa som skulle etablere eit etterlengta fiskerimuseum i fiskerihovudstaden Måløy, sa han sjølvsagt ja. Då det seinare vart etablert eit Måløyraide-senter, var han sjølvsagt med på det og.
Høyr Odd si historie i Kystpodden.
Onsdag 16. april kl 16.00 på kystmagasinet.no/kystpodden og Spotify
Kystpodden: Høyr meg - Sjå meg