KOM OPP FRA DYPET: Seksjonsleder for kulturarv i fylkeskommunen, Bjørn Ringstad, med den 27 cm lange og om lag tre kilo tunge gjenstanden som ved det han omtaler som et mirakel ble hentet opp fra havdypet. Om den er knyttet til bruk om bord i en båt eller som søkke til fiskeredskap, aner han ikke.

OPP FRA DYPET: Vet du hva dette er? I så fall vil denne mannen snakke med deg

Trekilos-mysteriet fra åtti meters dyp utenfor Sveggevika, omtaler seksjonsleder for kulturarv i fylkeskommunen, Bjørn Ringstad, gjenstanden som.

Publisert Sist oppdatert

I en melding fra Møre og Romsdal fylkeskommune etterlyser man nå folk som kan mene eller vite noe om hva gjenstanden er eller har vært. Den kan nemlig være tusen år gammel, muligens noe yngre.

Funnet på 80 meters dyp

I meldingen fra fylkeskommunen heter det følgende:

Den forseggjorte gjenstanden hekta seg fast i eit garn på rundt åtti meters djup. Der har den truleg ligge på havets botn i fleire hundre år, kanskje tusen år. Fagfolk er samde om at gjenstanden har med sjøfart og fiskeri å gjere. Men kva det eigentleg er for noko, er framleis eit mysterium.

Det var sjarkfiskar Roger Vassgård frå Sveggesundet på Averøya som fekk den uvanlege fangsten. Dette var i mars månad. Han skjønte straks at dette var sjeldne saker, og leverte funnet til leiaren i Averøy historielag, Alf Røsand, som tok kontrakt med Bjørn Ringstad, leiar for seksjon for kulturarv i Møre og Romsdal fylkeskommune.

LAGET MED OMHU: Gjenstanden, som vert knytt til båt og fiskeri, er 27 cm lang og ved rundt tre kilo. Den er laga med omhug, glattslipt, og er stramt symmetrisk i form.

Ekspertar i villreie

– Eg har aldri sett noko likande, og eg veit framleis ikkje kva det er. Kanskje er vår lokale ekspert på båt og båtbygging i Valsøybotn, Jon Bojer Godal, inne på noko når han meiner at det kan vere eit vadbein eller ein linekort, seier Ringstad. Han har sendt fotografi og omtale av den 27 centimeter lange og rundt tre kilo tunge gjenstanden til fagfolk både i nord og sør, utan at nokon med vissheit kan slå fast kva det er, eller kva gjenstanden har vore brukt til.

Eit vadbein, også kalla vadhorn, er ei trinse som reduserer motstanden når lina vert drege over ripa på båten under fiske, og hindrar at lina skjer seg inn i treverk eller at krokar festar seg til båtripa. Ein linekort har same funksjon, men den er større.

– Kan det være et dorgesøkke?

Marinarkeolog Pål Nymoen ved Norsk maritimt museum i Oslo

Forslag som har kome frå lekfolk er jarstein, eit slags søkke, hodda, eit søkke til dorging, eller noko framme på båten for isbryting, og her vert det vist til tradisjonar frå Island.

Vakkert utført arbeid

Denne gjenstanden er særs forseggjort. Den er stramt symmetrisk i form, glattslipt, med fleire hol og spor, truleg laga for å feste den til noko med tauverk. Gjenstanden er også dekorert med eit slags rutemønster i den breiaste enden.

– Kan det være et dorgesøkke? Marinarkeolog Pål Nymoen ved Norsk maritimt museum i Oslo kjem med dette forslaget. Men utforminga av gjenstanden rimar ikkje med andre funn av søkkje eller lodd. Dei er enklare i form, og arbeidet er ikkje så omstendeleg utført. Slike lodd er vanlegvis laga av kleberstein, men her er det brukt ein langt hardare steintype, kalla amfibolitt, forklarar Ringstad. Han legg til at gjenstanden truleg er mellom tre hundre og eitt tusen år gamal.

Vi får ta tida til hjelp, og sjå kva forslag som dukkar opp

Seksjonsleder for kulturarv i fylkeskommunen, Bjørn Ringstad

– Vi har sendt opplysningar til NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim, utan at dette har gitt oss noko meir handfast, og vi ventar på respons frå Norges fiskerimuseum i Bergen. Vi får ta tida til hjelp, og sjå kva forslag som dukkar opp, seier Ringstad.

RUTEMØNSTER: På den breie enden er det rissa inn eit slags dekorativt rutemønster. Gjenstanden ber preg av eit vagt mønster andre stader, som også kan ha vore til pryd.

Tilbake til Averøy?

Gjenstanden vil etter kvart bli sendt til NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim. - Kanskje kan den på sikt bli stilt ut på Gamle Kvernes bygdemuseum på Averøy. Då kjem den på ein måte tilbake til sitt opprinnelige miljø. Det ville ha vore artig, seier ein begeistra seksjonsleiar for kulturarv.

Skulle nokon ha kvalifiserte forslag til kva dette er for noko, er Bjørn Ringstad og avdelinga hans interessert i å høyre frå publikum med litt greie på fiskeri og bruk av reiskap.

Til no veit ingen sikkert kva denne gjenstanden er for noko. Den har allereie vakt nasjonal interesse. Mysteriet held fram!