Mikroplast hopar seg opp på havbotnen.

Antallet kritisk truga artar femdobla på fem år

Siste utgåve av FN sin Verdshavsrapport tegner et dystert bilde for livet i havet.

Publisert Sist oppdatert

På fem år er talet kritisk truga artar på havbotnen femdobla, skriver HI i en artikkel.

– Det er eigentleg ganske enkelt, seier havforskar Lis Lindal Jørgensen.

– Utan botndyra vil ikkje hava våre fungere. 

Botndyr er fellesnamnet på dei talrike organismane som lever på havbotnen – frå korallar, sjøstjerner, krabbar og børstemakkar. 

– Dei vert i aukande omfang påverka av menneskelege aktivitetar, seier Jørgensen. 

Omtrent like snart som havforskarane skildrar nye artar på havbotnen, kan dei føre desse på lista over truga artar. 

Dette kjem fram i den nyaste Verdshavsrapporten frå FN.

7000 nye artar

På den internasjonale havdagen 8. juni vert den nyaste utgåva av FNs Verdshavsrapport («World Ocean Assessment») lagt fram. Førre Verdshavsrapport kom i 2021. 

Havforskingsinstituttet og havforskar Lis Lindal Jørgensen har leia arbeidet med kapittelet som omhandlar nettopp marine botndyr. Forskarar frå meir enn 20 land har bidrege. 

Frå 2019 til 2023 vart over 10 000 artar i havet skildra for første gong, viser rapporten. 7252 av desse var virvellause dyr på havbotnen. 

På same tid har det vore ei femdobling i talet kritisk truga artar og ei dobling av truga artar.  

– Det er likevel ein svinnande liten del av havets botndyr som er på raudlista, rett og slett fordi vi ikkje har nok informasjon til å vurdere dei, seier Jørgensen. 

Av dei over 150 000 botndyra som er registrerte til no, har berre 1,7 prosent vorte vurderte. 

Avfallsarbeidarar, filtreringsagentar og måltid

Desse talrike dyra på havbotnen har viktige funksjonar. 

Dei er avfallsarbeidarar. Når fisk og kval døyr og søkk mot havbotnen, er det botndyra som ryddar opp. Krabbar, sjøstjerner og tanglus får eit festmåltid. Samtidig er botndyra også middag for andre. 

Dette er eit "kvalfall", som forskarane i Mareano-programmet oppdaga i vår. Dette er ein kvals siste kvilestad. Når så mykje organisk materiale plutseleg kjem dalande, vert botndyra sett i sving.

Dei filtrerer vatnet – og det ekstremt effektivt:

– Botndyr som svamp fangar føda si frå vassmassane, og et næringspartiklar som bakteriar, plankton og organisk materiale. Dei filtrerer enorme mengder vatn, på jakt etter partiklar som då siver inn gjennom hola i svampen, seier Jørgensen.

Faktisk kan éin kilo svamp filtrere opptil 1000 liter vatn per dag. Større svampar kan filtrere endå meir – opp mot fleire tusen liter per kilo i døgnet. 

– Dei er såleis ei viktig brikke i reine og rike hav.

Påverknadane vert fleire

Sjølv om desse dyra lever på botn, er dei ikkje skåna for påverknad frå overflata. 

Menneskelege aktivitetar som fiskeri og botntråling, sjøtransport, forureining, utbygging i kystsona, oppdrett, oljeutvinning og havvind påverkar i djupna. 

Vass-straumar vert blokkerte, sediment greve opp og forureining dumpa. 

– Både forureining og mikroplast hopar seg opp på og i havbotnen, seier Jørgensen.

– Tidlegare forsking syner at omtrent 3 millionar tonn mikroplast har hamna i djuphavet, mellom anna frå plastposar og behaldarar som driv rundt. 

Samtidig syter global oppvarming og havforsuring for endra vilkår.

– Dei menneskelege påverknadane skjer spesielt i kystnære område, men etter kvart som behova våre aukar, strekker påverknadssfæren seg òg utover i havet, seier Jørgensen. 

I rapportkapittelet tek forskarane føre seg botndyr-påverknadane frå havområde til havområde. Les meir her.

Store kunnskapshol

Forskarane peikar på at desse påverknadane kan få vidfemnande følgjer og det vert sjeldan gjort nok for å møtegå desse.  

Det er framleis store kunnskapshol og mangel på stabil finansiering for overvaking av artsmangfaldet, ifølgje rapporten.  

– Nye næringar som gruvedrift på havbotnen kan også gje nye utfordringar, seier Jørgensen.