«Senja» har gått på grunn i Tromsø.

NÅ: Stor tråler har mistet motorkraften - gikk på grunn

Det er trålaren MS «Senja» som har treft land natt til tysdag.

Publisert

Ifølgje VG har fartøyet dratt med seg deler av ein kai på Kvaløya, i Tromsø, før det stogga.

Hoveddata:

  • Navn: «Senja»
  • Verft: Vard Brattvåg/Vard Braila
  • Byggenummer: 908
  • Design: VARD 8 02
  • Lengde: 80 meter
  • Bredde: 17 meter
  • Tonnasje: 4172
  • IMO-nummer: 9858436
  • Rederi: Nergård Havfiske
  • Motor: Rolls-Royce Bergen
  • Thruster: Rolls Royce Marine
  • Generator: Pon-Cat
  • Navigasjon & Kommunikasjon: Vard Electro
  • Brannslukningsutstyr: Tyco
  • Livbåter: Viking
  • Elektrisk installasjon: Vard Electro
  • Dekksutstyr: Seaonics

Dette skal ha skjedd då båten mista motorkraft på veg sør mot Rystraumen, seier operasjonsleiar Rune Nilsen til avisa Nordlys.

Kenneth Holmøy i Nergård havfiske har stadfesta til Nordlys at det er dette som har skjedd.

Hovudredningssentralen hadde ansvaret for situasjonen, men Kystverket har tatt over, då det ikkje er snakk om liv og helse.

– Det er snakk om å få båten laus når vatnet stig att, og det blir flo, fortel vakthavande ved sjøtrafikksentralen Per Inge Ringseth Sivertsen til VG.

Ingen er skadd etter hendinga, og det skal ikkje vera snakk om lekkasje eller fare for forureining.

Avansert fabrikk

«Senja» vart levert av VARD i 2020 til Nergård Havfisk. Trålaren er 80 meter lang og 17 meter brei, og har diesel-elektrisk framdrift, kombinert med batteri.

Fartøyet er utstyrt med moderne løysingar for fangsthandtering, mellom anna tankar for oppevaring for levande fisk. Det er òg utrusta med høgteknologisk utstyr, som soleis gjer fartøyet til ein avansert fabrikk, med stor lagringskapasitet for kjøling og frys.